VRÅDAL SPORTSFISKARLAG
Vrådal Sportsfiskarlag vart stifta i 1986. Bakgrunnen var mange tidlegare gode fiskevatn som på grunn av sur nedbør nå var tome for fisk. Ein ville gjere det ein kunne for framleis å få rike fiske- og naturopplevingar, og få vakande liv i det som nå var fisketome vatn. Gjennom kalking, kultivering og fiskeutsettingar har ein nå fått attende gode fiskebestander med fin fisk.
Truleg har det aldri vore så gode forhold for fritidsfiske som det nå etter kvart er blitt. Mange vatn har god fiskebestand med fin fisk, nokre av vatna har liten men stor fisk, og nokre få er overbefolka på grunn av for gode tilhøve for gyting. I alt har vi omlag 30 små og store vatn, elvar og tjønnar som vi disponerer til fiske. I tillegg har vi samarbeid om fiskekort i Vrådal slik at medlemmer i Vrådal Sportsfiskarlag kan fiske i dei fleste vatna i Vrådal på sitt medlemskort.
Grovt sett reknar vi med fire fiskeområde: 1. Sinnesheia (mellom Vråvatn og Bandak). 2. Nær sentrum i Vrådal. 3. Kaldvatnområdet (mot grensa til Tørdal). 4. Sør for Hægefjell (mot Fjone over grensa til Nissedal).
Besøkande/turistar, og andre som ikke er medlemmer, kan kjøpe fiskekort på Straand Hotel, på turistinformasjonen i Vrådal og hos Vrådal Villmark & Fritid. Fiskekort kan også kjøpas online på følgande nettstad: inatur
Prisane er kr 50,- for inntil 2 døgn, kr 100,- for inntil 14 dagar og kr 200,- pr. sesong. Barn under 16 år treng ikkje fiskekort
Aktivitetar i 2024
Årsmøte 29. februar kl. 19.00 i kantina på KOS
Fiskekonkurranse 7.-9. juli 2023
I samarbeid med Vrådal Fiskelag og Vrådal Villmark & Fritid arrangeres gratis fiskekonkurranse i alle fiskevatn det blir selt fiskekort på. Det blir premiar for junior og senior, og eiga oterklasse. Gåvekortpremiar for total vekt, og ein premie for største fisken. Påmelding ved Joker brygge fredag kl. 17-19, eller når som helst i løpet av helga på telefon 916 39 361 eller 930 51 792. Fangstresultata må leverast seinast kl. 12. på søndag på brygga ved Joker. Premiering seinast kl. 13.