Vrådalsdagen 2024
13.06.2024
Vrådalsdagen er eit samarbeid mellom lokalt næringsliv, lag og privatpersonar og arrangerast i år for tiande gong. Velkomne til ein triveleg markens-og aktivitetsdag i Vrådal sentrum laurdag 6.juli frå kl 12. Det blir som tidlegare mellom anna gateløp, padlekonkurranse, mjølkespannhalding, ponniriding, salsbodar, underhalding og loddtrekning.
Om kvelden blir det musikk og moro på Straand Sommerland frå kl 20.00, (arr. Straand Hotel).